Annonse
Annonse
Leserinnlegg: Er det berre stille no, eller er det stille før stormen?

Leserinnlegg: Er det berre stille no, eller er det stille før stormen?

Annonse
Annonse
Stian Ormestad
Stian Ormestad
Annonse
Annonse

Fylkesmann: Hver enkelt kan bidra til å korte ned krisa.

Tek vi det for mykje med ro med smittevernanbefalingane no, slik at vi kjem til å få det verre om litt? Vi hos Fylkesmannen har jobba medkoronaviruspandemienlenge no. Vi byrja før landet stengde ned.

FYLKESMANN I VESTFOLD OG TELEMARK: Per Arne Olsen. Foto: Jostein Marvik.

Etter kvart blei grensene opna meir, og vi kunne vere nærare dei rundt oss. To meter blei til ein meter. Vi kunne til og med reise på sommarferie. Det trur eg var godt for mange. Ikkje minst var det godt å kunne besøke den gamle tanta igjen. Og det var nok godt for ho og.

Hos Fylkesmannen har det etter kvart blitt litt rolegare dagar. Vi har kunne gå tilbake til noko av det som var oppgåva vår før pandemien. For vi har måtta skyve på mange ting.

Det er godt å endeleg kunne få avgjort saka der «Herr Hansen» ynskjer å vite om kona fekk forsvarleg helsehjelp i tida før ho døydde. Det har vore tungt for han å vente på ein så viktig avgjerd. Men likevel har han vist forståing.

Han forstår at vi har måtta prioritere korona-viruset, og at vi kanskje må gjere det igjen. Han har attpåtil fylgd smittevernanbefalingane, og passa både seg sjølv og andre frå å bli sjuk.

ASSISTERENDE FYLKESLEGE: Mats Foshaug. Foto: Privat.

At det har blitt rolegare for oss hjå Fylkesmannen, gjev og rom for ettertanke. Eller i denne samanhengen, kanskje ein «førtanke»?

Er det berre stille no, eller er det stille før stormen? For vi veit at koronaviruset og finst heime hjå oss. Og at vi ikkje skal reise så langt for å komme til stader der deter mindre kontroll.

Viruset bankar framleis på døra vår, og vil meir enn gjerne komma inn i stua.

Kanskje blir det ein kuling i staden, eller berre ein bris?

Saman har vi vore flinke til no, så veit vi korleis vi skal vere flinke vidare og.

Her kan du lese alt omkorona-krisa i Re.

Les flere leserinnlegg i ReAvisa.

Annonse
Annonse

ReAvisa - lokalavisa for Re; Revetal, Ramnes, Våle, Vivestad, Undrumsdal og Fon


Avisa er gratis å lese på papir og nett. ReAvisa legges der folk møtes, du finner den i avisstativ på butikker, bensinstasjoner, spisesteder
og arrangement i Re. Opplaget er 3.000 / 6.000. Avisa blir godt lest, på venterrom, kafeer, og så videre. Nettavisa oppdateres javnlig og har i snitt over 6.000 lesere i uka - 27.211 brukere sist måned.

Vi lager ReAvisa:
Stian Ormestad, skrivende redaktør - Stian@ReAvisa.no
Håkon Westby, seniorfrilanser - Hakon@ReAvisa.no
Ledig engasjement som ungdomsfrilanser - ta kontakt

Tips om gode Re-saker!
Tips@ReAvisa.no

ReAvisa jobber etter Vær Varsom-plakaten for god presseskikk.

Vil du bidra?
ReAvisa er gratis å lese på papir og nett. Avisa er annonse- og folkefinansiert.
ReAvisa-vippsen er 54 02 82, ReAvisa-kontoen er 1506.09.87979.
Merk gjerne innbetaling med “gave”.

Annonse?
E-post: Annonse@ReAvisa.no så kan vi gi et godt tilbud.
Utgiver: Ormis Media AS.